Einar Eimhjellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Eimhjellen
Fødd4. mars 1938 (86 år)
Fødestadi Naustdal i Sunnfjord
Sjangerfolkemusikk, tradisjonsmusikk, gamaldans
Instrumentmunnspel, vanleg fele, hardingfele
Verka somTidlegare jordbrukssjef i Naustdal kommune, no pensjonist

Einar Eimhjellen (fødd 4. mars 1938 i Naustdal) er ein norsk folkemusikar. Han er spelemann, organisator, og pådrivar for tradisjonsmusikk i Sunnfjord. Eimhjellen var med på å skipe Naustedalen spelemannslag i 1953. I fleire år var han musikalsk leiar for spelemannslaget. Han har og vore styreleiar for laget i mange år. Frå 1996 til 2000 var han styreleiar for Sogn og Fjordane Folkemusikklag. I 1980 skipa han runddansorkesteret Naustedølen.

Einar Eimhjellen har gjeve ut platar saman med Naustedalen spelemannslag, Naustedølen, Naustedalen toradargruppe og Einar Eimhjellens gamaldansorkester. I tillegg til å sleppe egne plater, har Eimhjellen drive mykje innsamlingsarbeid. Mellom anna har han gjort lydopptak av spelemannen Nils Furnes på 1970- og 1980-talet. Han har og samla inn gamle slåttar frå Naustdal og Flora. Einar Eimhjellen har dessutan gjort innsamlingsarbeid i USA.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Sogn og Fjordane Folkemusikklag sin folkemusikkpris (2010)
  • Kongens fortenestemedalje i sølv (2008)

Referansar[endre | endre wikiteksten]