Ekshalasjonsbeslag
Ekshalasjonsbeslag er ei tynn skorpe eller eit belegg som vert danna på fjelloverflater i vulkanske område der det strøymer gassar ut frå jorda. Gassane reagerer til dels med oksygenet i lufta, og dels innbyrdes, og reaksjonane fører til ei avsetjing av sublimat i form av pulveraktige overtrekk eller tynne skorper på den kalde fjelloverflata. Det viktigaste av desse overtrekka er svovel, men ein finn òg ofte salmiakk (ammoniumklorid) og molysitt (jarn(III)klorid).
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Ekshalasjonsbeslag. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/ekshalasjonsbeslag.