Ekstensometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ekstensometer er eit instrument som vert nytta til å måle små lengdeendringar av storleik 1-100 mikrometer når ein lekam vert utsett for strekk. Målingane kan ein gjere med mikrometerskrue, ved mekanisk rørsle av ein visar, ved ein optisk sikteanordning eller med strekklappar, som er måleelement som bygger på at elektrisk resistans for eit leiande materiale endrar seg ved forlenging. Ekstensometer er mest brukt ved materialtesting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]