Eliteserien i handball 1978/79–Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eliteserien i handball 1978/79 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla tida frå 12. september 1977 til 18. februar 1979.

Idrettslaget Vestar frå Oslo vart norsk seriemeister for åttande året i rad. Karen Fladset var som åra før den sentrale spelaren i eit mannskap der også Grethe Tønnesen, Kari Aagaard, Berit Urdal, Tove Guntvedt, Anne Gangsø og målvakta Siri Keul bidrog sitt til Vestar-lagets siste serietriumf.

Poengtabell[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Vestar 22 307-217 38
2 Skjeberg IF 22 288-201 37
3 Brandval 22 291-223 36
4 Skogn IL 22 338-243 32
5 Freidig 22 261-243 22
6 Glassverket IF 22 218-239 20
7 Sverresborg IF 22 256-266 19
8 Nordstrand IF 22 269-325 17
9 Stabæk IF 22 231-280 12
10 Kjelsås IL 22 221-286 12
11 Bækkelaget SK 22 255-327 10
12 Sørskogbygda IL 22 202-287 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 79-80. Dreyer Bok Stavanger. 1979.