Engstligenfalla
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Engstligenfalla | ||
Den nedre kaskaden i Engstligenfalla |
||
| Stad | Adelboden, Sveits | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 2000 moh | |
| Type | Segmentert hestehale | |
| Totalt fall | 370 m | |
| Lengste fall | 229 m | |
| Midla breidd | 30 m | |
| Tal på fall | 4 | |
| Elv | Engstligenbach | |
| Middelvassføring | 6 m³/s | |
Engstligenfalla nær Adelboden i Berner Oberland er den nest høgaste fossen i Sveits.
Engstligenfalla har ei av dei høgaste vassføringane av fossane i Alpane og er ein attraksjon i Adelboden.
Fleire fjellelvar i Engstligenalp, eit platå kring 2 000 moh, møter kvarandre nær nordenden av platået, og fell i fire fall over klippene i eit samla fall 370 meter ned i Engstligendalen[1] der dei offisielt vert rekna som starten på elva Engstlige. Det høgaste fallet er på 229 meter.
Den øvre delen av fossen er delvis synleg frå Engstligenalp-kabelvogna.
Om vinteren frys Engstligenfalla til og vert nytta til isklatring.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Engstligen falls» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2012.