Berner Oberland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsikt mot Thun og Thunsjøen frå fjellet Niederhorn
Foto: Roland Zumbühl

Berner Oberland syner til dei høgareliggande delane av kantonen Bern i Sveits. Området omfattar dei sørlege delane av kantonen, med Brienzersjøen og Thunersjøen og dalstrøka rundt.

På grunn av den flotte naturen i området er Berner Oberland eit populært turistmål. Byen Thun reknast som porten til Berner Oberland, og stader som Spiez og Interlaken er populære på grunn av den gunstige plasseringa ved sjøane. Området er òg eit godt utgangspunkt for fjellturar, blant anna er Finsteraarhorn (4274 moh) og Jungfrau (4158 moh) i området.

Dialekten i Berner Oberland er den alemanniske varianten höchstalemannisch («høgstalemannisk»). Denne dialekten er relativt langt unna standardtysk, og òg relativt ulikt frå dialekten i nærliggande Bern.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]