Etterklang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etterklang er eit fenomen der lydbølgjer i eit rom vert reflekterte frå veggar, golv, tak, møblar, etc. Kvar gong dei vert reflekterte vil noko av energien bli absorbert i romflatene og lydtrykket avtek ved kvar refleksjon. Refleksjonane fører òg til at lydfeltet i rommet vert meir diffust. I store rom tek det lengre tid mellom kvar refleksjon enn i små rom. Store rom har difor lengre etterklangstid enn små rom og meir diffuse lydfelt [1][2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vigran, T.E., Bygningsakustikk - et grunnlag, Tapir akademisk forlag, 2002.
  2. Kuttruff, H., Room acouctics, 2. utg., Applied Science Publ., 1979.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.