Ex officio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ex officio kan omsettast til norsk i embets medfør eller på vegne av tenesta. Det betyr at nokon, til dømes ei styresmakt skal utføre noko av eige tiltak, eige initiativ, og altså utan at nokon utanforståande fremmer krav om at dette skal gjerast.

Eit eksempel kan vere at ein domstol avviser ei sak av eige tiltak, fordi ein part ikkje er prosessdyktig.

Ex officio blir også brukt om det at ein gjennom eit embete automatisk blir tildelt andre postar eller ansvarsområde. Eit eksempel er Visepresidenten i USA som gjennom sitt embete automatisk er president i Senatet i USA.