Examen artium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Examen artium er namnet på den endelege prøva eller vitnemålet i det gamle linjedelte gymnaset (vidaregåande skole før ca. 1980). Nokre av vitnemåla frå allmennfagleg studieretning dei første åra i tradisjonell struktur vart òg skrive ut som «examen artium».

På folkemunne blir det ofte framleis sagt at ein person «har tatt examen artium» når han eller ho har gått ut av treårig vidaregåande skole allmenne, økonomiske og administrative fag, og har oppnådd generell studiekompetanse (GSK) på denne måten. GSK er ofte eit krav for å få bli tatt opp til høgare utdanning.