Førelegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit førelegg er ein straffereaksjon frå staten (politiet) på eit mindre alvorleg regelbrot eller ei kriminell handling. Å få eit førelegg vil seie at ein må betale ein viss sum pengar til styresmaktene — ei bot. Storleiken på summen er avhengig av kor alvorleg brotsverket er, og økonomien til den som vert ilagt bota. Eit forenkla førelegg er eit bot som vert ilagt av politiet, utan at saka går innom ein politijurist.