Facebook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Facebook
Facebook.svg
URL www.facebook.com
Type Nettsamfunn
Språk Afrikaans, albansk, arabisk, aserbajdsjansk, baskisk, bengalsk, bosnisk, bulgarsk, dansk, engelsk, esperanto, estisk, filippinsk, finsk, fransk, færøysk, georgisk, gresk, hebraisk, hindi, indonesisk, irsk, italiensk, islandsk, japansk, katalansk, kinesisk, koreansk, kroatisk, latin, latvisk, leet, litauisk, makedonsk, malayalam, malayisk, maltesisk, nederlandsk, nepalsk, norsk (bokmål og nynorsk), persisk, polsk, portugisisk, punjabi, rumensk, russisk, serbisk, slovakisk, slovensk, spansk, svensk, swahili, tamilsk, telugu, thai, tsjekkisk, tyrkisk, tysk, ukrainsk, ungarsk, vietnamesisk, walisisk
Eigar Mark Zuckerberg

Facebook er eit nettsamfunn. Det vart opphavleg laga for universitetsstudentar og fakultet i USA, men har sidan spreidd seg til å femne om vener, skular og geografiske område.[1]

Nettsamfunnet har over 1000 millionar månadlege brukarar på verdsbasis.[2]

Brukarane lagar ein profil som inneheld personleg informasjon, bilete og interesser. Deretter kan dei opprette relasjonar til andre brukarar, utveksle private og offentlege meldingar og melde seg inn i ulike typar grupper.

Sida er gratis å bruke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nettstaden vart starta av Mark Zuckerberg, med hjelp frå Andrew McCollum og Eduardo Saverin, i februar 2004 under namnet Thefacebook. Zuckerberg var student ved Harvard University, og nettstaden var meint som eit internt nettverk for universitetsstudentar. I løpet av det første døgnet hadde 1200 Harvard-studentar registrert seg som brukarar, og i løpet av den første månaden var halvparten av studentane medlemer.

Ordet Facebook kjem frå skulekatalogar i USA, som vert delt ut til nye studentar på høgskuler og universitet.

26. september 2006 vart nettverket opna for alle med ei gyldig e-postadresse. I Noreg auka interessa rundt Facebook drastisk i første halvdel av 2007. Rundt årsskiftet var det registrert 3000 norske brukarar, i april 2007 var talet stige til ein stad mellom 80 000 og 170 000 [3].

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Ekspertar åtvarar mot å leggja ut mange personlege opplysningar på Facebook[4]. På dei fleste liknande venenettverk på internett er det vanleg å operera under «dekknamn», det vil seia at ein har eit kallenamn på profilen sin, medan det normale på denne staden er at profilen ligg under personane sitt fulle namn. Det er difor lett for utanforståande å finna detaljerte opplysningar om einskildpersonar. Ein kan sperra profilen sin for innsyn, men perifere vener vil likevel kunna sjå dei fleste opplysningar og bilete. I tillegg har Facebook eit regelverk som seier at Facebook når som helst kan endra regelverket. Så sjølv om ein les regelverket grundig, kan det vera vanskeleg å vita nøyaktig kva ein forpliktar seg til. Nokre konspirasjonsteoretikarar meiner jamvel at Facebook kan vera underlagt Sambandsstatane sine styresmakter, som eit verktøy for å overvaka folk[5].

Tilvisingar[endre | endre wikiteksten]

  1. www.knol.google.com: Facebook - en introduksjon
  2. ". Publisert 4. oktober 2012.
  3. «Facebook-feber» frå Aftenposten, publisert 26. april 2007
  4. Artikkel frå nettavisa na24
  5. Innlegg på diskusjonsforum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]