Falsk krupp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Falsk krupp, akutt subglottisk laryngitt eller akutt pediatrisk laryngitt, òg stundom kalla laryngotrakeobronkitt, er ein øvre luftvegsinfeksjon med oppsvelling av strupehovudet som oftast rammar born i tremånaders- til femårsalderen. Falsk krupp blir oftast utløyst av virusinfeksjonar (ofte influensa), men bakterielle infeksjonar kan òg utløyse falsk krupp. Den genetiske faktoren spelar truleg ei rolle, ettersom falsk krupp er vanlegare i nokre familiar enn andre.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Karakteristiske symptom inkluderer hes stemme, ein karakteristisk «bjeffande» hoste, varierande grad av pustevanskar i form av inspiratorisk stridor (anstrengt innpust). Allmenntilstanden til barnet er oftast god, ein eventuell feber er låg (oftast under 38 °C), og pasienten vil normalt ikkje sikle eller ha svelgjeproblem — samanlikn epiglottitt. Ved falsk krupp med spreiing til bronkiane, etterkvart nedsett allmenntilstand og markant ekspiratorisk stridor (anstrengt utpust) i tillegg til inspiratorisk stridor er diagnosen gjerne akutt malign laryngotrakeobronkitt. Ved både epiglottitt og akutt malign laryngotrakeobronkitt er sjukehusinnlegging nødvendig.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Behandling av falsk krupp inneber normalt lindring av symptoma. Fuktig luft har gunstig verknad. Oftast vil kald, fuktig luft verke best, men nokre pasientar responderer betre på varm, fuktig luft. Nokre stader er det vanleg å behandle falsk krupp med småe dosar av inhalerte eller orale steroidar. I særleg alvorlege fall kan det vera aktuelt med oksygenterapi eller adrenalin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]