Familie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For det taksonomiske omgrepet, sjå biologisk familie

Familie, av latin famulus 'tenar'[1] var i romarretten ei nemning for personar som budde saman i eit hushald. I nyare tyding er familien personar som deler hushald og som er bundne til kvarandre gjennom ekteskap, slektskap eller adopsjon.[2]. I tillegg må vi i dag rekne dei som er knytt til hushaldet gjennom partnarskap eller sambuarskap som ein del av familien.

I Noreg kan ein skilje mellom kjernefamilien, som omfattar foreldra og barna deira, og storfamilien, som kan omfatte nærskylde personar over fleire generasjonar og som bur i lag t.d. på eit gardsbruk. Eit diffust omgrep som «storfamilie» kan og ha andre og vidare tydingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]