Fargefotografi
Fargefotografi er ei form for fotografi der ein bruker medium som kan gjengje fargar, til forskjell frå svart-kvitt.
Ulike teknikkar for fargefotografi blei utvikla på midten av 1800-talet. I tidlege eksperiment hadde ein problem med å fiksera bilda og forhindra fargane frå å bleikna. Det første permanente faregfotografiet blei teke i 1861 av fysikaren James Clerk Maxwell.
Ein tidleg metodea for å ta fargefoto var ved hjelp av tre fotoapparat. Kvart apparat hadde eitt faregfilter framfor objektivet, som gav tre grunnleggande fargekanalar for å gjengje eit bilde i fargar i mørkerommet. Den russiske fotografen Sergej Prokudin-Gorskij utvikla ein annan teknikk med tre fargeplatar som blei tekne i rask rekkefølge.
Tidleg fargefotografi registrerte berre eit avgrensa fargespekter. Først ved byrjinga av 1900-talet utvikla fotokjemikarar som H.W. Vogel ein emulsjon for fargefilm som var sensitiv nok til at grønt og raudt lys blei teke opp.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Fargefotografi» frå Wikipedia på svensk, den 13. november 2009.