Faxe kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Faxe)
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°15′14.677″N 12°5′45.409″E

Faxe kommune
Kart
Adm.senter: Haslev
Region: Sjælland
Areal: 404,54 km²
Folketal: 35 117[1] (2013)
Folketettleik: 87 (Pers. pr. km²)
Politikk
Ordførar: Knud Erik Hansen (Socialdemokraterne)
Nettstad: http://www.faxekommune.dk/

Faxe kommune er ein kommuneSør-Sjælland, i Region Sjælland i Danmark. Faxe er òg namnet på ein liten by i denne kommunen.

Faxe kommune vart skipa ved Kommunalreformen i 2007 ved å slå saman dei tidlegare kommunane Haslev Kommune, Fakse Kommune og Rønnede Kommune. Rådhuset i den noverande Faxe kommune ligg i Haslev, som er hovudbyen i kommunen, medan byrådssalen ligg i det rådhuset i den vesle byen Rønnede som høyrde til den tidlegare Rønnede Kommune.

Kommunen har eit areal på 404,54 km² og hadde 35 117 innbuarar i 2013. Faxe Bryggeri, eit av dei mest kjende av dei danske ølbryggeria, skipa i 1901, ligg i byen Faxe i kommunen.

Namnet Faxe (Faxæ, Faza) er gamalt nordisk opphav og tyder man på hest. Namnet kan ha å gjere med at den vesle byen Faxe, som tidlegare vart skrive Fakse og har gjeve namnet åt kommunen, ligg på eit lite høgdedrag som kan ha vore samanlikna med nakken på ein hest.

Det høgste naturlege punket på Sjælland ligg i Faxe kommune og er ei høgd med namnet Kobanke på 122,9 meter over havet i nærleiken av byen Rønnede, slik det vart slege fast ved målingar i 2007. Tidlegare var Gyldenløves Høj ved byen Ringsted halde for å vere Sjællands høgste punkt, men den naturlege delen av denne høgda vart i 2007 målt til 121,3 meter over havet. Medrekna ein kunstig haug oppå Gyldenløves Høj, er likevel denne høgda på totalt 125,5 meter det høgste punktet på Sjælland.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Danmarks Statistik: FOLK1 (Vitja 21. desember 2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Faxe kommune