Sjælland
| Sjælland | |
|---|---|
| Geografi | |
![]() |
|
| Stad | Mellom Fyn og Skåne i Sverige |
| Koordinatar | |
| Areal | 7 031 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Danmark |
| Region | Region Hovedstaden og Region Sjælland |
| Største busetnad | København (1 230 607 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 2 115 317 (2006) |
| Folketettleik | 300 /km² |
Sjælland (engelsk Zealand, tysk Seeland) er den største øya i Danmark, med meir enn 2 millionar innbyggjarar. Øya ligg mellom Fyn og Skåne i Sverige. Mellom Fyn og Sjælland ligg sundet Storebælt, som vert kryssa av Storebæltbrua, medan Øresundbrua går over Øresund til Skåne.
Hovudstaden i Danmark, København, ligg på austsida av Sjælland, i tillegg til øya Amager. Andre større byar på øya er Roskilde, Helsingør, Slagelse, Næstved, Holbæk, Køge, Kalundborg med fleire.
I norrøn mytologi vart øya danna då gudinna Gefjon lurte Gylfe, den første svenske kongen av Gylfaginning. Ho fjerna eit stykke land frå Sverige, og flytta det til Danmark, og slik vart øya Sjælland til. Landstykket som vart fjerna frå Sverige vart fylt med vatn og vart innsjøen Mäleren[1].
[endre] Geografi
Sjælland har hovudsakleg låg og sanddekt kyst med enkelte unnatak, som kalkklipper (kalkklint på dansk) ved Stevns Klint og leirklipper ei rekkje andre stader. Landområdet på øya er stort sett morenelandskap med fleire låge dalar, åsar og sletter.
[endre] Byar
- Asnæs
- Frederiksberg
- Helsingør
- Holbæk
- København
- Køge
- Nykøbing
- Næstved
- Roskilde
- Slagelse
- Slangerup
- Sorø
- Vordingborg
- Vallensbæk
[endre] Kjelder
- ↑ Den Store Danske Encyklopædi sin artikkel om Gefjon
