Fen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fen er ei gammal måleining nytta i Kina.

Fen vart mellom anna nytta som lengd der 1 fen er 0,1 cun eller tomme eller 3,58 mm. Etter innføringa av metersystemet i 1929 vart 1 fen sett lik 1/3 cm.

Som masseeining vart eininga nytta for veging av edelmetall der 1 fen var 0,1 qian eller 0,378 g. Frå 1929 vart han sett lik 0,3125 g.

Fen vart òg nytta som skillemynt i Kina der 100 fen var 1 yuan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). Fen. I Store norske leksikon. Henta 9. november 2013 frå http://snl.no/fen.