Firn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prøvetaking frå overflata av ein isbre. Det vert stadigi tetttare firn mellom overflatesnøen og blåisen.
Firnfelt på toppen av Säuleck i Hohe Tauern

Firn (frå tysk Firn med same tyding) er ein delvis kompakt, grovkorna snø, særleg på isbrear, som har lege over fleire somrar utan å smelta. Det er is som er i eit mellomstadium mellom snø og isbreis. Firn kan sjå ut som våt sukker, men er hard og vanskeleg å spa i. Tettleiken varierer vanlegvis frå 550 kg/m³-830 kg/m³ og ein finn det ofte under snø som har falle ved enden av isbreen.

Den lågaste høgda der firn vert akkumulert på ein isbre vert kalla firngrensa, og ein kan sjå dette som grensa mellom blåisen til breen og det samanhengande snødekket over. Den delen av breen som ligg over firngrensa vert òg kalla firnfelt.

Det neste trinnet i omvandlingsprosessen frå snø til breis vert kalla firn-is og vert danna framfor alt gjennom trykket av snøen over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]