Kveldssong åt Blakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fola, fola Blakken)
Teikning av Blakken attmed songen i Læsebog for folkeskolen.

«Kveldssong åt Blakken» («Fola, fola Blakken») er ein norsk barnesong utgjeven av Nordahl Rolfsen i landsmålsutgåva av Læsebog for folkeskolen frå 1893. Ho er ei omskriving av ei dansk utgåve han gav ut året før.

I 1916 gav Magnus Våge ut ei normalisert landsmålsk utgåve i Songbok aat folkeskulen og heimen.[1]

Songteksta[endre | endre wikiteksten]

Fola, fola Blakken! No er Blakken trøytt og mod;
Blakken skal bli mett og god. Å fola, fola Blakken!

Uff, den leide bakken og den lange stygge mo!
Den var rektig tung og trå for deg, du gamle Blakken.

Far han kasta frakken; Blakken kann kje kasta sin,
sveittar i det gamle skinn, den snilde, snilde Blakken.

Snart skal Blakken sova! Inkje meire slit i dag,
inkje meire selegnag, og inkje meire tråva!

Fola, fola Blakken! Gjeng du inn i stallen din,
so kjem vesle guten inn og klappar deg på nakken.

Ser du guten smila? høyrde du det bod han bar?
Han skal helsa deg frå far: I morgon skal du kvila.

Drøym um det, du Blakken: Berre eta, berre stå, —
kanskje kring på tunet gå med veslegut på nakken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Våge, Magnus (1916). Songbok aat folkeskulen og heimen. Risøyr: Erik Gunleikson. s. 59.