Football Manager

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Football Manager er eit populært dataspel der du styrar det laget du vil i verda som manager for klubben, og det gjeld å gjere taktisk kloke val, hente inn rette spelarar, og kjøpe dei beste spelarane. Etter at FM07 kom ut i 2007 blei det også mogeleg å sjekke ut spelarar ved hjelp av eit omfattande speidarnettverk.

Spelet blir laga av Sports Interactive. Før 2005 var spelet kjend som Championship Manager. Men da gjekk skaparane og produsentane frå kvarandre, produsentane fekk namnet, medan skaparane fekk databasa, som no er grunnlaget for Football Manager. Spelet vert distribuert av SEGA.

Lanseringsdato for 2007 versjonen var 20. oktober 2006. Enkelte butikkar begynte å selje spelet fleire dagar før lanseringsdato. Dette medførte at SEGA framskunda lanseringsdatoen til 18. oktober.

Football Manager er verdas mest populære manager-spill, og det kjem ut nye versjonar kvart år. Spelet blir berre kalla FM av rutinerte spelarar.

Spelet oppfattast som det beste manager-spelet som finnast.[treng kjelde]

Ein ting som er mykje betre i FM enn det var tidlegare er spelarkommunikasjonen. Du kan prate med alle spelarane som finnast og kan for eksempel fortelje ein spelar at du syns at dei har eit eineståande talent, at du vurderer å hente han til din klubb etc.

[endre] Bakgrunnsstoff

  • FMNorge.com - Den norske offisielle FM-sida. Sida serverer nyheiter, artiklar, guidar, nedlastingar, grafikk, spelartips, forum, osv.
  • FMSweden.se - Sveriges desidert største fanside for FM. Dei serverer nyheiter, nedlastingar, artiklar, grafikk, osv. Sida har også eit stort og aktivt forum.
  • SortItOutSi.net - Ei av dei største sidene på grafikk. Plagast nokon gonger av sein server.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk