Forsvarets Vernedugleiksmedalje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forsvarets vernedugleiksmedaljar

Vernedugleiksmedaljen, Vernedyktighetsmedaljen er eigentleg ikkje éin medalje, men éin for kvar av våpengreinene i Forsvaret og for Heimevernet. Desse har alle forskjellig utsjånad, men vert delt ut til personell som har fullført godkjent fyrstegongsteneste innanfor den aktuelle våpengreina eller Heimevernet. Han kan og delast ut til verva og befal som har fullført utdanning av tilsvarande lengd. Medaljen finst i båe målformene.