Forvalting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forvalting (frå tysk Verwaltung) betyr styring eller administrasjon. Ordet blir gjerne brukt om den verksemda som blir utført av offentlege styresmakter, sett bort frå lovgjeving og dømmande verksemd. Ordet forvalting blir også brukt om den verksemda innan ei bedrift som går ut på å halde ved like eller betre produksjonsmidla. Andre typiske eksempel på bruk av ordet er formuesforvalting og ressursforvalting.

Sjå Forvaltingsrett.