Frank Hsieh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frank Hsieh

Frank Chang-ting Hsieh, kinesisk 謝長廷; pinyin Xiè Chángtíng; Wade-Giles Hsieh Ch'ang T'ing, (fødd 18. mai 1946) er ein taiwansk politikar for det demokratiske framstegspartiet. Han var statsminister av Taiwan frå 2005 til 2006.

Hsieh er fødd i Taipei og utdanna jurist ved det nasjonale universitetet i Taiwan og universitetet i Kyoto. Han praktiserte juss frå 1969 til 1981 før han byrja med politikk på heiltid.

Etter to periodar som bystyrerepresentant i Taipei frå 1981 til 1988 blei Hsies med i den taiwanske nasjonalforsamlinga i 1989, då som representant for det demokratiske framstegspartiet som han hadde vore med på å starta og namngje i 1986. I 1996–1997 leia han eit fjernsynsprogram på TVBS.

Frank Hsieh stilte som visepresidentkandidat til presidentvalet i 1996 saman med Peng Ming-min og kom då på andre plass med 21,1 % av stemmane. To år seinare blei han vald til borgarmeister av Kaohsiung, ei stilling han sat i heilt til han blei utnemnd som statsminister i 2005. Hsieh var partileiar frå 2000 til 2002.

Han blei utnemnd til statsminister av Taiwan den 1. februar 2005, og melde at han vil seia frå seg stillinga den 17. januar 2006. Hsieh sa frå seg statsministerstillinga som følgje av dårlege resultat for partiet hans i lokalvala i desember 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]