Franz-Peter Hofmeister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franz-Peter Hofmeister
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 5. august 1951 (72 år)
Kerpen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976

Franz-Peter Hofmeister (fødd 5. august 1951) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Kerpen som representerte Vest-Tyskland. Han vart i 1978 europameister på 400 meter og han vann EM-gull i 4 x 400 m stafett.

Hofmeister kneip sølvmedaljen på 200-meteren ved EM i friidrett 1971 i Helsinki. Same sesongen presterte han personbeste på distansen med 20,5 sekund. Ein skade gjorde at han ikkje kunne delta i Sommar-OL 1972 på vesttysk heimebane. I 1974 vart han femtemann på 200 m ved europameisterskapen i Roma. Under dei olympiske sommarleikane i Montreal rauk han ut or 400-meterløpet i semifinalane, for så å ta ein bronsemedalje i 4 x 400 m stafett med det vesttyske mannskapet. Høgdepunktet for Hofmeister kom ved EM i friidrett 1978 i Praha. Her sprang han inn til siger på 400 meter, to dagar seinare tok han seg av den andre etappen då Vest-Tyskland og Martin Weppler, Bernd Hermann og Harald Schmid vann ein suveren siger i 4 × 400 meter stafett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]