Frise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frisa på Parthenon er dorisk og består av metopar og triglyfar.

Innan arkitektur er ei frise det midterste feltet i entablaturet (det øvre horisontale bjelkelaget i klassisk gresk arkitektur som består av arkitrav, frise og karnis). Frisa kan vere slett eller dekorert; i jonisk orden og korintisk orden kan frisa vere dekorert med bas-relieff, og i dorisk orden er frisa dekorert med triglyfar og metopar. Frisa ligg over arkitravet (det nederste glatte feltet i entablaturet).

Ordet «frise» blir også brukt på veggfelt i eit rom som er over ei rekkje med bilete, og på horisontale felt med måla eller modellerte dekorasjonar plassert på veggen over augehøgde.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]