Fylogeni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fylogenien til dei moderne diapside krypdyra, vist som eit fylogenetisk tre eller eit kladogram. 1 = Tuatara eller bruøgle, 2 = Øgler, 3 = Slangar, 4 = Krokodillar og alligatorar, 5 = Fuglar.

Fylogenien (etter gresk phylos = stamme, genesis = fødsel) til ei gruppe organismar er ei historisk oversikt over korleis gruppa har utvikla seg evolusjonært over tid og kor nært skylde dei ulike undergruppene er til kvarandre. Omgrepet vert ofte vist med såkalla fylogenetiske tre eller kladogram.

I norsk vert ofte ordet stamtre nytta, men sidan dette speglar på den grafiske framstillinga heller enn på sjølve utviklingsprosessen er ikkje dette heilt nøyaktig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]