G-type-asteroide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

G-type-asteroidar er relativt uvanlege karbonhaldige asteroidar. Den mest kjende asteroiden som passar inn i denne kategorien er 1 Ceres (Ceres vert klassifisert som C-type i SMASS-klassifiseringa).

Karakteristika[endre | endre wikiteksten]

G-typen er stortsett lik C-typen men har eit sterkt ultrafiolett absorpsjonstrekk ved kortare bølgjelengder enn 0,5 μm. G-typane kan også ha eit absorpsjonstrekk rundt 0,7 μm som indikerer fyllosilikatmineral som leire eller glimmer.

I SMASS-klassifiseringa tilsvarar G-typen Cgh- og Cg-typane om dei har eller ikkje har, respektivt, absorpsjonstrekk ved 0,7 μm. G-typen, C-typen og nokre sjeldnare typar vert av og til samla i den breiare C-gruppa av karbonhaldige asteroidar.