Galterud Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Galterud Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande på Galterud i Sør-Odal kommune i Innlandet. Galterud Idrettslag vart stifta 18. mars 1928 og ved det såkalla idrettsforliket i 1945 samanslått med Galterud Arbeideridrettslag til Galterud IF.

Galterud IF har grupper som er aktive med fotball og i skiidrett. Fotballaga til GIF spelar i kvite drakter og med blå bukser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]