Gemeinsame Normdatei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GND (Screenshot)

Gemeinsame Normdatei (GND) er eit autoritetspostregister som blir drifta og vedlikehalde av Deutsche Nationalbibliothek (DNB) med alle dei tyske biblioteksforeiningane, Österreichischer Bibliothekenverbund (obv) og Schweizerische Nationalbibliothek i samarbeid.

GND erstattar frå 19. april 2012 dei tidlegare Personennamendatei (PND), Schlagwortnormdatei (SWD), Gemeinsame Körperschaftsdatei (GKD) og Deutsches Musikarchiv (DMA-EST-Datei) og omfattar såleis personar, bedrifter, arrangement, geografiske data og omgrep.

Gjennom prosjektet Virtual International Authority File (VIAF) er GND knytt saman med andre nasjonale autoritetspostar via konkordansfiler.

Grunnlag[endre | endre wikiteksten]

Målet med GND er å knyte saman dei mangfaldige ressursane og informasjonskjeldene som bibliotek og andre kulturinstitusjonar i det tyskspråklege området tilbyr. Datasett som er overførde uendra frå dei tidlegare autoritetsregistra til GND har dei same nøkkelverdiane som før, no i identifikatoren GND-Nummer.[1] Dublettar blir samanførde og datasetta suksessivt førebudde for semantisk web.

GND nyttar regelverket RDA og er basert på utvekslingsformatet MARC 21-authority.

Innhald og omfang[endre | endre wikiteksten]

På det tidspunktet Gemeinsame Normdatei blei innførd inneheldt registeret 9 493 860 datasett av følgjande entitetstypar:[2]

  • 4 456 000 personnamn («ikkje individualisert», dvs utan typebeteikning)
  • 2 650 000 personar («individualisert», type p)
  • 1 145 000 bedrifter, juridiske personar og liknande (type k) – Körperschaften
  • 571 000 arrangement og kongressar (type v) – Veranstaltungen
  • 286 000 geografiske data (type g)
  • 200 000 fagtermar (type s) – Sachbegriffe
  • 187 000 verk (type w) – sjå til dømes for verket Gemeinsame Normdaten i «Autoritetspost» nedst i denne artikkelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Eva-Maria Gulder: Die Gemeinsame Normdatei (GND). Bayerische Staatsbibliothek München (Normdatenredaktion), september 2011. (pdf-fil Arkivert 2013-01-15 ved Wayback Machine.)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Christel Hengel-Dittrich: Das Projekt Gemeinsame Normdatei – GND. I Dialog mit Bibliotheken. Årgang. 22, hefte 1, s. 36, henta 10. mai 2012.
  2. Rundskrivet Bereitstellung des ersten GND-Grundbestandes Arkivert 2012-10-20 ved Wayback Machine., 19. april 2012. (typen er kodifisert i underfeltet $b i det GND-spesifikke feltet 079.)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]