Gert Falch Heiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gert Falch Heiberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mai 1871
Død

20. november 1944 (73 år)

Yrke agronom
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi
Gert Falch Heiberg på Commons
Gert Falch Heiberg i friluftsmuseet i Amla

Gert Falch Heiberg (31. mai 187120. november 1944) var ein av dei store museumsgrunnleggjarane i Noreg. Han skapte De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum i Kaupanger og utvikla det til ¨eitt av dei fremste folkemusea i landet, særleg kjent for samlinga si av handverks- og jordbruksreiskapar.

Heiberg voks opp som eldste son på storgarden Øvre Amble (Amla) i Kaupanger i Sogndal kommune. Etter å ha teke utdanning som landbrukskandidat på Aas Høiere Landbrugsskole overtok han garden 1895 og dreiv den fram til 1938, då han overlet den til sonen Hans H.H. Heiberg.

Som museumsmann hadde Heiberg røter å byggja på: Faren, Hans Knagenhjelm Heiberg, hadde i 1862 etablert «Det Heibergske Portrætgalleri» og teke til å samla portrett, gjenstandar og skrifter med tilknyting til slekta. G.F. Heiberg førte arbeidet til faren vidare. Han viste seg tidleg som ein ihuga samlar og kring hundreårsskiftet tok han til å samla gjenstandar frå daglegliv og arbeidsliv i Sogn. Etter kvart vart arbeidsreiskapar av alle slag Heiberg sin spesialitet, og på dette feltet vart han ein nasjonal pionér. Han samla reiskapar frå heile landet, vart sjølvlærd vitskapsmann og var den første som studerte den norske reiskapskulturen på ein systematisk vitskapleg måte.

Slik fekk Heiberg to samlingar: det gamle familiemuseet og den nye «Sognesamlingen». 1903 sikra Heiberg seg sin første antikvariske bygning, og 1905 bygde han sin første store utstillingsbygning, med ein klar ambisjon om å etablera eit folkemuseum for Sogn. 1908 vart Heiberg oppmoda om å vera med å skipa ein organisasjon for å fremja den historiske interessa i distriktet. Han vart leiande i dette arbeidet, og 1909 vart Historielaget for Sogn skipa. Heiberg overdrog sognesamlinga si til det nyskipa laget. Museet fekk namnet De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. G.F. Heiberg styrte museet og sat som formann i historielaget frå skipinga og til han døydde 1944.

Museet utvikla han til å bli eitt av dei fremste folkemusea i landet. Ein viktig grunn til den sterke posisjonen museet fekk, særleg blant forskarar og fagfolk, var det systematiske og nøyaktige katalogarbeidet, som var eit særkjenne for Heiberg. Meir enn nokon annan i sin generasjon av museumsgründerar var Heiberg systematikaren og den nøkterne realisten. Han førte nøyaktige registreringar over alle innsamla gjenstandar. Museets handskrivne katalog er truleg Heiberg sitt største verk.

Ved sida av museumsarbeidet var Heiberg svært interessert i genealogi. Det største trykte arbeidet hans er verket Slægten Heiberg. Personalhistoriske og genealogiske oplysninger, som kom 1907 og i revidert utgåve 1942. Frå 1914 til sin død var han også redaktør av historielaget sitt tidsskrift, der han publiserte ei rekkje artiklar både om slektshistorie og om kulturhistoriske emne frå Sogn.

Heiberg hadde mange tillitsverv. 1899–1916 var han medlem av Sogndal kommunestyre (ordførar 1911–13). Han var med å skipa Norske Museers Landsforbund i 1918, og var styremedlem i forbundet frå 1918 til 1944. I 1942 vart han innvald som medlem i Det Norske Videnskabs-Akademi. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1912, fekk kommandørkrossen 1934, og han var storriddar med stjerne av den islandske Falkorden. Frå 1925 var han æresmedlem av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring.

Som person var Heiberg sterkt prega av sin bakgrunn som godseigar, omgitt av husmenn og gardbrukarar. Han var ein del av bykulturen, samstundes som han var djupt rotfesta i bondesamfunnet i Sogn. Han kunne såleis sjå det samfunnet han levde i med den utanforståande sine auge, og dette var ein viktig bakgrunn og føresetnad for hans innsats som museumsmann. Han hadde stor sans for humor og var glad i å fortelja historier, stundom slik at den gode historia kunne få rang framom den absolutte sanninga. Arbeidskapasiteten var enorm. Museet dreiv han som ubetalt hobby, ved sida av drifta av skog, sagbruk og gard.

Gert Falch Heiberg er gravlagd på familiegravstaden på Kaupanger kyrkjegard.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • E. Lexow: biografi i Norsk Biografisk Leksikon, bd. 5, 1931
  • R. Kloster m.fl.: Fortun fra til Sognefest. Festskrift til G. F. Heiberg på 70-årsdagen 31. mai 1941, Bergen 1941
  • H. Shetelig: Norske museers historie, 1944
  • Minneskrift um Gert Falch Heiberg, Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn 12, Leikanger 1947
  • R. Kloster og P. Lidal: Historielaget for Sogn 50 år 1909–1959, Leikanger 1959
  • T. Hegard: Romantikk og fortidsvern. Historien om de første friluftsmuseene i Norge, 1984
  • Aa. Engesæter: Biografi i Norsk Biografisk Leksikon
  • A. Avdem, Aa. Engesæter, L.A. Vold: Levd liv. Ei soge om sogningane og museet deira. Leikanger 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]