Sogndal kommune
| Sogndal kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1420 |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Adm.senter | Sogndalsfjøra |
| Areal | 745 km² |
| Folkemengd | 7 320 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-) | Jarle Aarvoll (Ap) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.sogndal.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Sogndal kommune på Commons | |
Sogndal er ein kommune i Sogn og Fjordane. Han ligg langt inne i Sognefjorden og grensar til Luster i nord og aust, Lærdal i sør over fjorden, Leikanger i sør og vest og til Balestrand i nordvest. Folk frå Sogndalsfjøra kallar seg sogndøler, medan dei som er busette i Fjærland ofte kallar seg fjærlendingar, folk i Norane nører og folk på Kaupanger kaupingar.
Innbyggjartalet er fordelt på Sogndal (rundt 5000) og Kaupanger (rundt 1500), samt Fjærland (rundt 300).
I tillegg til å vera ei fotballbygd (SIL) blir Sogndal kalla «Saftbygda» - mellom anna kallar supporterlaget til SIL seg for Saftkokaradn. Dette mykje på grunn av Lerum Fabrikker som har avdelingar i bygda. I tillegg til fotballproffar fostrar Sogndal òg Idol-deltakarar. I den tredje omgangen av den norske versjonen av Idol i 2004, deltok Eva Weel Skram og Tone Damli Aaberge.
Innhaldsliste |
Regionsenter og skulestad [endre]
Sogndal vert rekna som regionsenteret for Sogn.
Hovudadministrasjonen til Høgskulen i Sogn og Fjordane ligg i Sogndal, med nær 2000 studentar. Her ligg òg Sogndal vidaregåande skule.
Tettstader [endre]
Verd å vitja [endre]
- Kaupanger stavkyrkje er ei av dei eldste i Noreg.
- Norsk Bremuseum
- Den norske bokbyen
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for Sogndal kommune frå 1920:
| 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 3430ab | 3353ab | 3661ab | 3749ab | 3899ab | 4474a | 5506a | 5970a | 6647 | 7035 |
- a Talet omfattar ikkje Fjærland sokn, som var del av Balestrand kommune fram til det vart overført til Sogndal i 2000. Dette området hadde då 288 innbyggjarar
- b Talet omfattar ikkje Tingstad allmenning, som var del av Leikanger kommune fram til 1964, då det vart overført til Songdal kommune. Dette området hadde då 5 innbyggjarar.
Kjende personar frå Sogndal [endre]
- Gjest Bårdsen, meistertjuv, utbrytarkonge og forfattar
- Eva Weel Skram, songar
- Terje Bakken, songar
- Tone Damli Aaberge, songar
- Liv Signe Navarsete, politikar og leiar i Senterpartiet
- Olav Stedje, songar
- Ola Lillevangstu, friidrettsmann (fleire gonger finaledeltakar i NM)
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Sogn og Fjordane | ||
|---|---|---|
| Sogn | Aurland · Balestrand · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Leikanger · Luster · Lærdal · Sogndal · Solund · Vik · Årdal | |
| Sunnfjord | Askvoll · Bremanger · Fjaler · Flora · Førde · Gaular · Jølster · Naustdal | |
| Nordfjord | Bremanger · Eid · Gloppen · Hornindal · Selje · Stryn · Vågsøy | |