Glens of Antrim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glenariff

Glens of Antrim (gælisk Gleannta Aontroma), lokalt berre kalla The Glens, er eit område i County Antrim i Nord-Irland. Det består av ni dalar som strekkjer seg ut frå Antrim-platået mot kysten. Dalane har status som area of outstanding natural beauty og er ein stor turistattraksjon i området. Dei største byane i dalane er Ballycastle, Cushendun, Cushendall, Waterfoot og Carnlough.

Dei ni dalane er frå nord til sør Glentaisie, Glenshesk, Glendun, Glencorp, Glenaan, Glenballyeamon, Glenariff, Glencloy og Glenarm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 55°09′36″N 6°06′00″W