Google Checkout
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Google Checkout er eit nettbasert betalingssystem levert av Google. Brukarar lagrar kredittkort- og leveranseinformasjon på Google-kontoen sin, og kan enkelt handle hos butikkar som er med i programmet. Google Checkout tilbyr vern mot svindel, og brukarar får ei samla side der dei kan sjekke statusen på produkta dei har kjøpt.