Grad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grad (frå latin gradus, steg) viser til fleire like store einingar på ein skala. Grad kan brukast direkt som eining for vinkelmål eller overført til ein temperaturskala. I begge tilfelle har eininga ofte teiknet °. Vidare kan ei endå vidare tyding av grad brukast om ulike posisjonar i eit hierarki, til dømes militært eller i eit utdanningssystem, eller om ulike nivå av ei hending, som ein brannskade.

Grad som vinkelmål[endre | endre wikiteksten]

Ein kan dela ein sirkel opp i til saman 360 grader, noko som til dømes vert gjort når ein talar om lengde- og breiddegrader til jorda. Ein rett vinkel som til dømes alle vinklane i eit rektangel er på 90°.

Talet 360 blei truleg vald fordi det kan delast med 24 ulike positive heiltal, medrekna alle heiltall frå 1 til 10 bortsett frå 7. Dette gjorde det enkelt å dela sirkelen inn i mindre vinklar og rekna på desse i hovudet.

Dette kartutsnittet viser at den ukrainske landsbyen Machliniec ligg noko aust for 45'.

Idéen om at det skal vera 360 grader i ein sirkel er noko kunstig og tilfeldig, meir knytt til talteori enn geometri. Derfor bruker ein gjerne heller radiusbaserte radianar som eining for vinkelmål i matematikken.

Når grader blir brukte for å måla vinklar bruker ein ofte òg minutt, der eitt minutt er 1/60 av ei grad, symbolisert med ′, og sekund, der eitt sekund er 1/60 av eit minutt, eller 1/3600 av ein grad, og symbolisert med ″. Desse mindre einingane blir særleg brukt når ein viser til ein stad på jorda med lengde- og breiddegrader. Dei er òg utgangspunktet for tidseiningane minutt og sekund.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]