Grafikkort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit grafikkort, eller skjermkort, er ein komponent i ei datamaskin som handsamar grafikk som vert vist på ein tilkopla skjerm. Grafikkortet er vanlegvis eit eksternt ekspansjonskort kopla til ein busshovudkortet i datamaskina, men mange moderne hovudkort kjem med enkle grafikkløysingar integrert i sjølve hovudkortet. Slike integrerte løysingar høver godt for arbeidsstasjonar som nyttar programvare med ikkje treng å presentere avansert grafikk, som til dømes kontorapplikasjonar. Tyngre oppgåver som til dømes dataspel, videoredigering og avansert 3D-grafikk krev framleis eit dedikert grafikkort. Nokre simuleringsverktøy som MatLab kan òg gjera seg nytte av avanserte grafikkkort[1]. Grafikkprosessoren i slike kort avgjev mykje varme, så korta har kjølevifter som støyar noko.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Feldman, M., MATLAB Adds GPGPU Support, HPCwire.com, 20/10-2010.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]