Grafisk framstilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein graf av graf med 6 hjørne og 7 kantar.

Ei grafisk framstilling er i matematikk ein abstrakt representasjon av ei mengd objekt, der somme objekt er knytte saman. Dei samanknytte objekta er representerte av matematiske abstraksjonar kalla hjørne, nodar eller punkt, og samband som knyt somme av hjørnepara saman vert kalla kantar eller linjer. Typisk er ein graf synt som eit diagram med ei rekkje prikkar for hjørna, knytte samane av linjer eller kurver for kantane. Grafane er eit av objekta som vert studert i diskret matematikk.

Kantane kan vere ordna (asymmetriske) eller uordna (symmetriske). Til dømes om hjørna representerer folk på ein fest, og der er ein kant mellom to folk om dei handhelser, så er dette ein uordna graf, fordi om personen A handhelser på person B, så handhelser òg person B på person A. Men om det er ein kant frå person A til person B, når person A kjenner person B, så er denne grafen ordna, fordi det å kjenne nokon ikkje nødvendigvis er eit symmetrisk forhold (person B treng ikkje kjenne person A).

Grafane er hovudobjektet i studiet av grafteori. Ordet «graf» vart først nytta på denne måten av J.J. Sylvester i 1878.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gross, Jonathan L.; Yellen, Jay (2004). Handbook of graph theory. CRC Press. s. 35. ISBN 9781584880905