Greenwich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Greenwich (fleirtyding).
Greenwich Park med utsyn mot Canary Wharf.

Greenwich (utt. [ˈgrɛnɪtʃ] eller [ˈgrɪnɪtʃ]) er eit område i det sør-austlege London. Det var opphavleg ein egen by, men er nå innlemma i London, og har gitt namn til bydelen Greenwich. Området er sterkt knytt til sjøfartshistoria til England, og blei på grunn av dei mange minna om dette som er bevarte der, plassert på verdsarvlista til UNESCO i 1997.

Namnet Greenwich stammar frå angelsaksisk Grenewic eller Grenevic som tyder 'grøn hamn'.

Old Royal Observatory frå 1675, som blei teikna av Christopher Wren, ligg i Greenwich og er i dag eit museum. Standardtida Greenwich Mean Time har namn etter nullmeridianen som går gjennom Greenwich. Royal Naval College som blei teikna av Inigo Jones og Christopher Wren stod ferdig i 1705. The Queen's House har sidan 1934 husa det nasjonale maritime museet i Storbritannia. Ved piren i Greenwich ligg den vidkjende klipperen Cutty Sark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Greenwich

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • A.D. Mills, Dictionary of English Place-Names, Oxford University Press, andre utg. 1998.