Grendel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grendel er ein av tre antagonistar i det gammalengelske heltediktet «Beowulf», som vart skrive rundt år 750.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namnet Grendel er uklart og det er mange forslag til tyding. Nokre meiner at namnet heng saman med det angelsaksisk (gammalengelsk) grindan (engelsk grind) som mellom anna tyder «hakke tenner», medan andre knyt namnet til det gammalengelske grynde som tyder «avgrunn». Sistnemnde kan passe i og med at mor til Grendel er eit havmonster i Beowulf. Det mellomengelske gryndel («sint») er òg eit forslag til eit ord som namnet kan vere danna til.[1]

Grendel si rolle i Beowulf[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Beowulf.

Grendel er eit menneskeliknande vesen som vert skildra som eit utyske, jotun eller troll. Han finn og vandaliserer mjødhallen Heorot som tilhøyrer den danske kongen Hroðgar. Heorot ligg i nærleiken av ei myr som Grendel bur i. Mange danskar døyr på grunn av Grendel.

Hroðgar er ven av helten Beowulf som kjem frå landet som tilhøyrer folkeslaget «geater» med uklart opphav (kan vere Jylland, Götaland eller Gotland). Beowulf tar opp kampen mot Grendel som blir så skadd i armen at han til slutt døyr. Mor hans, havmonsteret, er enno meir ufordrageleg og prøver å hemne tapet av sonen sin. Ho blir òg til slutt drepen av Beowulf.

Kristen tolking[endre | endre wikiteksten]

Det kristne verdsbiletet pregar historia om Beowulf. Forfattaren lét Grendel nedstamme frå Kain og gjer på den måte den demoniske og djevelske karakteren til Grendel klar.

Grendel i filmar, bøker og songar[endre | endre wikiteksten]

Grendel er mykje nytta i filmar, bøker og songar, til dømes i filmen Beowulf & Grendel[2] (Island 2005). Grendel er òg tittelen på ein song av rockegruppa Marillion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Explanatory Notes. Vitja 24. mars 2013.
  2. Beowulf and Grendel Official Movie Website. Equinoxe Films og Union Station Media.