Große Geiger

Koordinatar: 47°5′37″N 12°18′29″E / 47.09361°N 12.30806°E / 47.09361; 12.30806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Großer Geiger)


Große Geiger
fjell
Großer Geiger til venstre, sett frå nord
Land  Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 360 moh.
Primærfaktor 238 m
Førstestiging 1871
Koordinatar 47°5′37″N 12°18′29″E / 47.09361°N 12.30806°E / 47.09361; 12.30806
Kart
Große Geiger
47°05′35″N 12°18′31″E / 47.093055555556°N 12.308611111111°E / 47.093055555556; 12.308611111111
Wikimedia Commons: Großer Geiger

Große Geiger er ein 3 360 meter over havet høg fjelltopp i dei såkalla Venediger-fjella i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom dei austerrikske forbundslanda Tirol og Salzburg.

Große Geiger reiser seg heilt åleine midt på Tauernhauptkamm, hovudfjellkjeda i denne delen av Alpane. Med si utprega symmetriske pyramideform og den mektige nordvestveggen, som reiser seg 350 meter i meir enn 50° over isbreen Obersulzbachkees, er fjelltoppen det dominerande landemerket i heile Obersulzbachtal. Mot alle fire himmelretningane går markerte egger.

Då fjelltoppen er lett å nå, er Große Geiger eit ynda turmål, også for klatrarar. Dei fyrste til topps, Richard Issler og fjellføraren Michael Groder, kleiv opp frå sørsida den 20. august 1871, der Johannishütte står i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]