Primærfaktor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Primærfaktor er eit mål på kor mykje ein fjelltopp hevar seg i høve til terrenget omkring. Primærfaktoren til ein fjelltopp er den minste vertikale avstanden ein må gå for å komme til eit høgare punkt. Primærfaktoren kan virke som ein uinteressant storleik, men spelar ei stor rolle når ein lagar lister over fjelltoppar.
Ein topp kan definerast som eit punkt som ligg slik i terrenget at ein når ein står på toppen, anten kan gå rett bortover eller nedover. Ein kan i alle høve ikkje gå oppover. Eit praktisk problem med dette er at kvar stein då kan bli eit toppunkt. Difor er det vanleg å definere fjelltoppar som toppunkt med ein primærfaktor på minst 50 meter, av og til 30 eller ti meter. Til dømes er ikkje Keilhaus topp (2355 moh.) så ofte med på lister over dei høgaste fjella i Noreg, sidan toppen har ein primærfaktor på berre ca. 20 meter, sjølv om toppen er eit av dei høgaste punkta i Noreg.
På engelsk nyttar ein omgrepet Parent mountain (mor-fjell) for det fjellet som definerer primærfaktoren. Parent mountain for Keilhaus topp er Galdhøpiggen. Parent mountain for Galdhøpiggen er Tatrafjella i Polen. Det lågaste punktet mellom toppen og Parent mountain når ein heile tida følgjer høgste åskam vert kalla salpunkt (engelsk: Saddle). For Galdhøpiggen ligg salpunktet aust for Austersjøen på Kvitesjø-kanalen, 97 meter over havet.
I Noreg går det sport i å samle på 2000-meterar; altså å bestige flest mogeleg toppar med høgde 2000 meter eller meir. Med ein primærfaktor på minst 30 meter er det 230 slike toppar i Noreg. Med ein primærfaktor på ti meter er talet over 300.

