Grue Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grue Idrettslag er eit idrettslag i Grue i Innlandet, stifta 18. februar 1906 under namnet Urædd. I 1927 slo Urædd seg saman med Kirkenær Fotballklubb og danna Grue Idrettslag. Eit tredje lag, Vestsiden Idrettslag, gjekk med i Grue IL i 1950.

Grue Idrettslag er aktivt i fotball, friidrett, handball, orientering, taekwondo og skiidrett. Fotballaget Grue spelte i 2. divisjon i sesongane og 1976 og 1977. Even Pellerud og Ståle Solbakken spelte på Grue IL i sine yngre år.

Klubbfargane er grønt og kvitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]