Gymsal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fekting i ein gymsal i Stockholm på 1890-talet.
Gymnastikksal

Gymsal eller gymnastikksal er ein sal som er tilrettelagt for å driva med idrett eller gymnastikk i. Slike rom blir særleg brukte til å halda kroppsøving i ved skular og liknande. Ein kan også bruka gymsalar til andre føremål som møte, førestillingar og festar.

Gymsalar kan ha ulike oppmerkingar på bakken og utstyr som gjer at ein kan spela ulike ballspel, og anna utstyr som kan brukast til ulike idrettsøvingar, som ribbevegg, gymringar, klatretau og flyttbart utstyr. Dei er ofte tilknytte garderobar.

Ein gymnastikksal på Eggemoen leir frå 1954 blei freda i 2004.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forskrift om fredning av bygninger og anlegg i Landsverneplan for Forsvaret - Lovdata», lovdata.no, henta 6. august 2020