Hallo i uken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hallo i uken er eit satirisk radioprogram som går på NRK P2 kvar laurdag klokka 15.03.

[endre] Hallo i uken 1989-2009

Komikaren og forfattaren Are Kalvø har vore programleiar sidan 1994. Han bruker å omtale programmet som "kulturkanalens nest morsomste program". Kva det morsomste programmet er, er ikkje visst.

Faste bidragsytarar til programmet er Espen Beranek Holm, Rune Andersen og Anne Marie Ottersen.

Programmet inneheld sketsjar om politikarar, satiriske songar og vert alltid avslutta med Hallo i ukens relativt oppsøkjande nyheitsprogram, der overskrifter frå neste veke sine nyheiter vert presentert. Programmet har eit klart fokus på norsk innanrikspolitikk, men tek også for seg utanrikspolitikk.

Trioen Else Michelet, Espen Beranek Holm og Are Kalvø gav seg før sumarferien 2009 etter tjue år i satiren.

Kjelde: Trioen gjev seg

[endre] Hallo i uken 2009 og framover

Etter sumarferien tok Jørgen Strickert og Cathinka Rondan over som programleiar og produsent i Hallo i uken.

Kjelde: Skal påverke valresultatet


[endre] Bakgrunnsstoff

Hallo i uken sine heimesider

Spire Denne underhaldningsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk