Halsnøytunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halsnøytunnelen
Lengd4 120 meter
Trafikk2 024 (2023)[1]
Opna2008
Kart
Halsnøytunnelen
59°49′20″N 5°43′29″E / 59.822222°N 5.724722°E / 59.822222; 5.724722

Halsnøytunnelen er ein undersjøisk tunnel mellom fastlandet og Halsnøy i Kvinnherad kommune i Hordaland. Tunnelen er ein del av fylkesveg 544 og vart opna den 8. mars 2008. Tunnelen er 4120 meter lang og når 135,5 meter under havet.

Heile Halsnøysambandet består av tunnel og ny veg i dagen (totalt 6,3 km) mellom Sunde på fastlandet og Tofte på Halsnøy. Sambandet var ferdig i mars 2008, og har kosta 427 millionar kroner. Tunnelen vil føre til ei ny tidsrekning innanfor kommunikasjon i Sunnhordlands-bassenget. For øyfolket vil Halsnøytunnelen opne korridorane mot fastlandet, og føre med seg moglegheiter for samarbeid og utveksling av kompetanse. Både kulturelle føretak og næringslivet får lettare arbeidsvilkår som følgje av prosjektet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trafikkdata Fv500 Halsnøy bomst.». Statens vegvesen.