Harrana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qasr Kharana

Harrana, kalla opp etter Qasr Kharana, er eit arkeologisk omajadepalass i ørkenen aust i Jordan, kring 60 kilometer søraust for Amman.[1][2]

Området er stort sett folketomt, utanom beduingjetarar med sau og kamel som til frå desember til april gjetar dyra sine her. Sjølv om området er tørt, har det eit rikt dyreliv med fugl, ugler, gnagarar, revar, slangar, øgler og stundom ulv og hyenar.

Det er bevart mange fossil i Harrana i dei store kalksteinsformasjonane, som er datert attende til 66-67 millionar år sidan, ein periode nær slutten av krittida.[3] Ein har mellom anna funne mosasaur-artar med godt bevarte skjel-avtrykk her.[4] Det best bevarte og komplette funnet av den utdøydde fiskearten Saurocephalus og den mest komplette mosasauren Carinodens er òg funnen her.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://books.google.com/books?hl=en&lr=&id=RQbtr4ZAVlwC&oi=fnd&pg=PA4&dq=Harrana&ots=FHSH2vwCYv&sig=0NsBkHSh17BdZaLgI236Rf2hBDU#v=onepage&q=Harrana&f=false[daud lenkje]
  2. *Al-Hunjul, Nasfat Gh. The Geology of Qasr Al Harrana: Map Sheet No. 3253-II. Jordan, Natural Resources Authority, Geology Directorate, Geological Mapping Division, 2001. OCLC 51536994
  3. Pella Museum
  4. 4,0 4,1 Kaddumi, H.F. (2009). «On the latest scale coverings of mosasaurs (Squamata: Mosasauridae) from the Harrana Fauna in addition to the description of s new species of Mosasaurus». Fossils of the Harrana Fauna and the Adjacent Areas. Amman: Eternal River Museum of Natural History. s. 80–94.