Harriet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Etterlysing etter den rømde slavejenta Harriet, seinare kjend som forfattaren Harriet Ann Jacobs.
Dansaren Harriet Hoctor i ein filmtrailer.

Harriet er eit engelsk kvinnenamn danna av det franske Henriette, ei hokjønnsform av Harry. Opphavet til namnet er det tyske Henrik, med hokjønnsforma Henrikke, sett saman av ord som tyder 'heim' og 'herskar'.

Harriet har namnedag den 22. august i Noreg og svensk namnedag den 10. oktober.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Harriet kom først i bruk på 1600-talet og blei utbreidd i den engelsktalande verda i det neste hundreåret.

Bruken i USA har gått ned frå rundt 0,3 % rundt 1880 til 0,15 % ved 1900. Han steig til 0,20 % mot slutten av 1910-talet, men har sidan 1920 stort sett gått nedover.

Namnet kom til Skandinavia i byrjinga av 1800-talet. Ved folketeljinga i 1801 var det registrert to som heitte Harriet i Noreg, begge i ein familie i Mandal. Ved teljinga i 1865 var det 28 som heitte Harriet, 10 av dei i Oslo. Ved folketeljinga i 1875 var det 41 som heitte Harriet, 17 i Oslo. I 1900 blei det registret 503 som heitte Harriet, 221 i Oslo. Namnet var mest populært frå 1900 til rundt 1915, då rundt 0,2 % av nyfødde fekk namnet. Deretter har bruken gått jamnt nedover. I 2009 var det 813 norske kvinner som heitte Harriet.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]