Hattrick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hattrick er eit nettbasert fotballmanagerspel med over 900 000 brukarar frå heile verda. Ein brukar får utlevert eit lag med rundt 20 spelarar og startar i ein av dei lågare divisjonane i det landet ein held til i.

Divisjonssystemet[endre | endre wikiteksten]

Ei avdeling består av åtte lag og kvar divisjon er inndelt i mange avdelingar. I 1. divisjon er det berre ein avdeling, medan talet på avdelingar vert firdobla for kvar divisjon nedover slik at det er fire avdelingar i 2. divisjon, 16 avdelingar i 3. divisjon, 64 i 4. divisjon, 256 i 5. divisjon og 1024 i 6. divisjon. Frå 7. divisjon og nedover inneheld alle divisjonane 2048 avdelingar.

Talet på divisjonar varierer frå land til land etter kor mange brukarar som er påmeldt. Ved behov vert det utvida med ein ny divisjon. Tomme plassar i ein divisjon vert fylt av eit datastyrt og relativt dårleg lag.

Opprykk og nedrykk[endre | endre wikiteksten]

Sidan det er fire gongar så mange avdelingar i ein divisjon under som den over, er det ikkje gjeve at ein rykker direkte opp om ein vinn avdelinga sin. For å avgjere dette listar ein opp alle avdelingsvinnarane og den halvdelen som har flest poeng rykkar direkte opp. Den andre halvdelen må spele ein kvalifikasjonskamp mot laga på 5. og 6. plass i divisjonen over. Laga som endar på 7. og 8. plass rykkar direkte ned. Ved lik poengsum gjeld dei same reglane som i fotball i den verkelege verda der målskilnad og talet på scora mål medverkar til plasseringa.

Kampar[endre | endre wikiteksten]

Seriekampane vert spelt kvar helg. Tidspunktet kan varierer frå nasjon til nasjon. I den norske hattrickserien er det t.d. i firetida på laurdagar. I tillegg vert det spelt ein treningskamp på onsdagar om ein ønskjer dette. I starten av kvar sesong vert onsdagane nytta til cupkampar i staden for treningskampar. Dei som går vidare i cupen kan derfor ikkje spele desse treningskampane.

Før kvar kamp må brukaren sette opp laget sitt og taktikken han vel å nytte. Når kampen er i gang har ikkje brukarane høve til å gjere nokre endringar på laget eller taktikken og vert ein passiv tilskodar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]