Helene Tursten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helene Tursten (fødd 17. februar 1954) i Göteborg) er ein svensk kriminalforfattar. Ho bur i Sunne i Värmland. Bøkene hennar om politietterforskaren Irene Huss i Göteborg har vorte omsett til fleire språk, mellom dei tysk, engelsk og norsk.
Helene Tursten var utdanna fyrst sjukepleiar og sidan tannlækjar, men revmatisme gjorde at ho måtte gje opp å arbeida som tannlækjar, og etter kvart byrja ho i staden å skriva. Den fyrste boka hennar kom i 1998 og heitte Den krossade tanghästen.
Innhaldsliste |
Bøker [endre]
Kriminalromanar med Irene Huss i hovudrolla [endre]
| År | Svensk tittel | Norsk omsetjing |
|---|---|---|
| 1998 | Den krossade tanghästen | Den knuste Tang-hesten (2000) |
| 1999 | Nattrond | Nattevakt (2001) |
| 2000 | Tatuerad torso | Tatovert torso (2002) |
| 2002 | Glasdjävulen | Glassdjevelen (2003) |
| 2004 | Guldkalven | Gullkalven (2005) |
| 2005 | Eldsdansen | Ilddansen (2007) |
| 2007 | En man med litet ansikte | En mann med lite ansikt (2008) |
| 2008 | Det lömska nätet | Det lumske nettet (2010) |
| 2010 | Den som vakar i mörkret | Den som lurer i mørket (2011) |
Andre bøker [endre]
- 2003 – Kvinnan i hissen och andra mystiska historier, forteljingar.
- 2004 – Svarta diamanter (redaktør)