Helse, miljø og tryggleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
HMT er omdirigert hit. Sjå òg Hindustan Machine Tools

Helse, miljø og tryggleik (HMT) eller Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit omgrep som vert brukt i arbeidslivet om arbeidsplassane sitt interne arbeid med helsevern, miljøvern, arbeidsmiljø og tryggleik for dei tilsette. Tilrettelegging for HMT skal førebyggja skader og miljøøydeleggingar, sikra dei tilsette eit sunt arbeidsmiljø og sikra at verksemda følgjer krava i arbeidsmiljølova.

Alle verksemder, med nokre få unntak[1] har krav på seg om å arbeida systematisk med HMS i samsvar med Forskrift om Systematisk helse-, miljø og sikkerhetsarbeid i virksomheter («Internkontrollforskrifta»)[2]. Verksemder i petroleumsbransjen skal retta seg etter krava i Forskrift om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten (rammeforskrifta)[3].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Internkontrollforskrifta, §2
  2. Internkontrollforskrifta §1
  3. Rammeforskrifta §2
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.