Herandsholmen

Koordinatar: 60°20′24″N 06°20′45″E / 60.34000°N 6.34583°E / 60.34000; 6.34583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°20′24″N 06°20′45″E / 60.34000°N 6.34583°E / 60.34000; 6.34583

Herandsholmen
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang kommune
Høgaste punkt 18 moh.
Folketal 0
Kart
Herandsholmen
60°20′27″N 6°20′47″E / 60.34089°N 6.34646°E / 60.34089; 6.34646

Herandsholmen er ein holme i Ullensvang kommune i Vestland. Det smale Holmsundet, på det smalaste rundt 50 meter breitt, skil holmen frå fastlandet i Herand. Holmen er rundt 900 meter lang frå nordaust til sørvest. Han er veglaus.

Det var husmannsplass på Herandsholmen sidan iallfall midten av 1600-talet. I 1755 vart det oppretta ein gjestgjevarstad her. Landhandelen på holmen vart avvikla i 1914, då hadde gjestgjevarstaden stengt nokre år før, rundt århundreskiftet. Holmen har vore utan fast busetjing sidan 1987. Det vert no drive utleige til grupper.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000
12 19 0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1801 for Strandebarm prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Jondal herred, frå Digitalarkivet
  • Gaute Losnegård, Jondal kommune - Gards- og slektssoge, bd. 1 (Jondal kommune, 2003)